Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
26.03.2021

Alvor om marknadstilgang

Brev via Erna Solberg

Norges Fiskarlag og Sjømat Norge har bedt næringsministeren om eit snarleg møte. Organisasjonane meiner handelsvilkår og marknadssituasjon for norsk fisk er ved eit vegskille.

I brevet til statsministerens kontor viser organisasjonane til at forhandlingane mellom EFTA og Storbritannia er inne i sluttfasen, samtidig som det er kort tid igjen av perioden for dei tollfrie kvotane.

Norges Fiskarlag og Sjømat Norge har tidlegare drøfta desse spørsmåla, både med næringsministeren og med fiskeriministeren. Denne veka er det på nytt bedt om eit møte med næringsministeren. 

– Vi meiner likevel at alvoret i saka no er så stort at det er behov for også å rette denne førespurnaden til statsministeren sitt kontor med ønskje snarleg møte, skriv organisasjonane i brevet du kan lese her: