1000 unge lærer fiskeri
Ålesund 25. august
1 000 ungdommer deltar fredag under Fiskeflåtens Ungdomsmønstring i Ålesund. Storsatsingen holdes for å informere og rekruttere ungdom til fiskerinæringa. Deltagerne kommer fra 10. klasser på Sunnmøre og i Romsdal.
Fiskeflåtens Ungdomsmønstring har blitt arrangert i Ålesund sidan 2007, og målet er å gi ungdomane eit innblikk i fiskerinæringa og vise kva for karrierevegar som er mogleg å velge innan sjømatnæringa generelt og med spesielt fokus på fiskeflåten.
Det er lagt opp til to like sesjonar med rundt 500 elevar på kvar. Første runde startar kl. 09.30 og den andre startar kl.11.15 i Parken kulturhus i Ålesund sentrum.
Det blir korte foredrag (15 min.) med representantar frå sjømatnæringa. I tillegg blir det også musikalsk underhaldning og ein panelsamtale med yngre folk som arbeider på fiskebåtar eller tar utdanning i den retninga.
For å gi elevane ein ekstra motivasjon, blir det også gjennomført ein konkurranse mellom klassene. Premien er på kr. 10 000,- til den beste klassa.
Arrangementet skjer i samarbeid mellom Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag (Surofi), Fiskebåt Vest, Møre og Romsdal Fiskarlag og Marint Kompetansesenter.
Arrangementet er det største i sitt slag her i landet.